Fredag 13. okt 2023 kl. 19:30

Jazz på Jølst 2023 – Opningskonsert Sinikka Langeland – Vind og Sol

Jølster Jazzklubb / Thon Partner Hotel Skei
Jølster

I samarbeid med Førdefestivalen

Vinteren 2021 kom det ny musikk – under tittelen «Vind og sol» – frå Sinikka Langeland og stjernelaget hennar. Dette prosjektet tek utgangspunkt i dikt av Jon Fosse, som Langeland og dei eminente musikarane løftar gjennom klang, tone og improvisasjon.

Sinikka har djup interesse for naturmystikk, og i Jon Fosse sin lyrikk finn ho ord og tankar som resonnerer med dette. Med folkemusikk som grunnlag lar ho ensemblet få stor fridom. Det tidlause ved orda til Fosse vert understreka gjennom musikarane sine frie, meir moderne klangar.
Med song og spel på kantele, det finske nasjonalinstrumentet, har Sinikka Langeland sett den skogfinske kulturen på kartet. Gjennom forsking, gjendikting og formidling har ho lagt ned eit stort arbeid for å styrke identitet og sjølvkjensle på Finnskogen.

Sinikka stod på programmet vårt sist i 2019 med prosjektet Sauna Cathedral og responsen frå publikum var svært positiv – og med ynskje om at ho gjerne måtte komme igjen.

Sinikka Langeland – kantele, vokal
Tore Brunborg – saksofon
Mathias Eick – trompet
Mats Eilertsen – kontrabass

Pål Terje Antonsen – lydproduksjon

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev