Konserten er resultatet av ei prosjektveke der Food har jobba med 2. klasse bachelor på jazz/impro.
Fredag 29. januar kl. 18.00
Levinsalen
100/50, bill ved inngang
Medvirkende
Iain Ballamy (saksofonar)
Thomas Strønen (trommer, perkusjon og elektronikk)
Bethany R. Forseth-Reichberg og Seshen (vokal)
Olav Imerslund og Joel Ring (bass)
Jo David Lysne og Jørgen Kasbo (gitar)
Per Kamfjord og Oskar J. Rydh (trommer)
Lyder Øvrås Røed (trompet)
Duoen Food oppsto etter eit tilfeldig møte i Trondheim for snart 18 år sia. Den engelske saksofonisten Iain Ballamy og slagverkar Thomas Strønen fann tonen, fekk raskt jobbar på Moldefestivalen, og har med tida gitt ut mange plater. Dei siste produksjonane har komme ut på det anerkjente tyske plateselskapet ECM.
I den eksperimentelle musikken som blir til mellom dei, høyrer vi eit lyrisk og melodisk saksofonspel i eit elektronisk lydlandskap med rytmisk instrumentering. Ofte er dei i samspel med andre musikarar, og på denne konserten har dei med studentar frå Norges musikkhøgskole.
https://www.facebook.com/events/1679470489001485/